mandag 25. mai 2009

60 toms John Deere

Endeleg! i dag kom kløpparn på! Etter ein real knivkvess, eit nytt lager her, litt maling der, litt mindre rust der, så sneia den plenmodifiserte Kubotaen over "parken" som om det var ei lita dørmatte. I all audmjuke må eg berre sei at dei tre propellane under der gav eit langt betre resultat enn eg hadde trudd. Folk har rett og slett byrja å køyre feil når dei skal til golfbanen, for dei trur det er hos oss! :-)
Eit par hundre kilo til med fullgjødsel, litt meir forbønn og ein gild og rik sommar, så vert det nesten som i Øksendalen. he.

mandag 18. mai 2009

Tid for graving i kjellaren!


Endeleg kom dagen! Filip vart så ivrig då han såg dette synet ut baderomsvinduet om morgonen, så han og pappaen klarte nesten ikkje å få i seg frokosten før vi gjekk ut og satte i å grave. Dette er rett og slett vaksenbarnehage!

Her er det Anders som trakterer spakene og den hydrauliske meiselen som gjev breaktrough inn til det nye rommet som vi grov ut og laga i fjor haust:) Skal sei det dirra godt i stuegolvet med full saft på meiselen.


Og vips, ein litt større kjellar og splitter ny kjellarinngang..

Det er kjærkome med hjelp, på laurdag var vi 4 mann! Svigerfar, Doru, Anders og meg. Da går det unna, og det var såvidt vi rakk å smelle opp støtter før veggane gjekk i knas.. 24 meter med stålbjelkar ligg utanfor og gler seg til å komme på plass som dragarar og søyler. Til slutt skal det vere nesten berre pipa og ringmuren att.

onsdag 13. mai 2009

somagard-bhg.no

I dag var vi på besøk i Barnehagen som Filip skal byrje i. Vi fekk servert knallgod grillmat, og fekk boltre oss i parken etterpå. Soma Gård er namnet på leike/fornøyelse/dyreparken som barnehagen er inni. Der er det kjempemykje arti både for liten og for stor, men helst ungar i alle aldrar:) Det fine er at det er berre ein rusletur frå der vi bor og bort til parken:)
For Filip var det gravemaskinene som var mest stas.

søndag 10. mai 2009

Rusk i øyet

Det er ikkje enkelt å halde alskens flygande støv og skit unna når ein sagar gammalt trevirke rett over hovudet. Det er jammen godt at Skaparen har laga det slik at mesteparten blir spyla ut att av tårar. Resten tar verket seg av i løpet av ei natts tid, så vips så er ein like fin att.

fredag 8. mai 2009

Kjøre GAUK


For alle som ikke har vokst opp på prestegarden i Øksendal: Å kjøre gauk betyr enkelt og greit å kjøre en humpete tur kun for fornøyelsens skyld, fortrinnsvis med et motorisert terrenggående kjøretøy.

Da vi var små gikk det ut på at pappa stabla så mange unger som mulig opp i tilhengeren (les: bakakslingen med kasse) til tohjulstraktoren og dro avgårde så torva skvatt opp gjennom jordene og skogsveiene til vår store begeistring. Det fine med det var at pappa var ganske lett å rive med, så vi kjørte oss som regel fast minst en gang per tur, slik at vi måtte hoppe av og ned i gjørma og skubbe. Det gjorde turen fullkommen:)

Filip kjørte gauk med passepiken i dag, og de koste seg veldig selv om det foregikk (etter min skala) relativt folkelig:)

søndag 3. mai 2009

"YOU DON'T NEED EXTRA SPACE

for this washing machine" stod det på eit digert klistremerke på utsida av den nye vaskemaskina vår. hehe, særlig. veeldi morsomt..det kom som lyn ifrå klar himmel at den 15 år gamle vaskemaskina vår tok kvelden her ein dag, den gjekk ifrå å vaske reint til å berre dampe skiten lenger inn i tøyet og etterlate det i ein sur og uappetitteleg blaut klomp då eg opna spjeldet.
Det kunne ikkje ha passa betre! for no er kjellaren straks klar for utgraving, og vaskinga må foregå på badet oppe. Så eg har skumma over det som er å velje mellom av høgtekniske maskiner som kan tilfredsstille vår reinslegsstandard, og landa på ei maskin som kan gjere alt!

Eg har ikkje sett det, men eg trur jammen den legg saman kleda og legg dei i skåpen og, for eg gjer det så visst ikkje sjølv:) I tillegg kan vi lempe inn 8 kilo gjenbrukstøy, og den blir driven av ein børstelaus motor direkte montert på tromlå.

Det var som eit digert kinderegg for heile familien! For meg gav det mange kjekke løft og tilpassing av røyr og slangar, for ungane gav det husly, og for mi kjære kone gjev det ein flott melodi når vasken er ferdig! vinn, vinn, vinn.

fredag 1. mai 2009

Dei gode hjelparane

Det er ikkje med stormskritt at kjellarprosjeket nærmar seg neste milepæl, men alle monnar dreg! Filip og Miriam er flittige hjelparar og finn mykje kjekt å leike med undervegs. Her er det isopor som blir bært frå kjellaren til garasjen for mellomlagring:)