lørdag 10. april 2010

Opp og hopp!

Ein god ting med å stå ufrivillig tidleg opp om morgonen, er at eg får sjå den fine soloppgangen over hål 13.

Det er nemleg to (3) som har fått seg ei tramp oline, og da er det ikkje noko som stoppar. Måtte berre skrape vekk morgonrimen først..
Utover dagen vart det rett sommarleg og isen måtte fram.

Vi hadde nesten gløymd at ting kan smelte når det er plussgrader, I alle fall ser det ut som Miriam er overraska over at isen stikk avgarde.. Ho har ofte ein pause i etinga når volumet er for stort for kontiuerlig inntak, og då kan fort uforutsette hendingar skje.

Bounce står det på trampolineduken. det ser ut til at det hjelp.

onsdag 7. april 2010

Vi er klare!

Sommer, bare kom du!

Piloten og co. er beredt.

søndag 4. april 2010

Påske!


Påskeliljene måtte stå i  det kalde regnet på terrassen utanfor hytta medan vi andre sat inne og kosa oss med snop!


Det var mykje fint utever, så det blei nokre fine turar på sjøen og.

Filip og Miriam kastar stein på hurtigbåten

Grava er TOM! Jesus er oppstanden! Miriam betraktar kreasjonen utanfor hytteveggen.

Filip likte godt denne karen som låg å sola seg etter ein hard vinter..