søndag 27. juni 2010

Faratur!

Det er visst det det kallast når fleire fedre tar med seg ungane og drar til skogs/fjells. Det fekk eg erfare då eg støtte på fire -fem ungar på leiting etter vatn i skumringa fredagskvelden. Dei var nemleg og med sine "farar" på tur eit steinkast lenger oppe i dalen frå der vi hadde slått leir. Det var tydeleg å høyre på stemmene deira at dette var det gjevt å vere med på. Etter ein regntung anmars og ei snargrilla pølse var Filip omsider komen i soveposen denne første kvelden i Røssdalen.

Ein fin dal som passar godt for ein nordmøring med fjellheimlengsel.
Pappa sin godkniv er best

Lurar på kor djupt denne båten vil ligge i vatnet..

Alle laga kvar sin båt og så hadde vi båtrace/regatta nedover bekken.

Litt justering må til undervegs.

Det vart til at vi måtte kjenne på tempen i vatnet og, men det vart ikkje lange turen..

Takk for turen Pappa! Takk for turen Son :-)

onsdag 23. juni 2010

St. Hans 2010

No er det akkurat eitt år sidan sist, og i år fekk vi enda varmare og finare ver!
Det er mildt sagt knusktørt i distriktet, og bålet vart fortært i eit nær eksplosjonsarta blaff. Vi måtte sløkkje grasbrannar kringom bålet, og ei stund var eg redd eg skulle svi av heile Bærheim Golfpark. 


Vi hadde det veldig barnlig og kjekt, over 40 stk i leik og grilling ein fin sommardag i Krånå.

Graset er tørt og sydenbrunt etter vekevis mest utan nedbør og stort sett solsvi same periode.
Da er det ikkje godt å halde på fukten.  Jordbæråkeren får prioritet i vatninga..

Langt snopespidd kjem godt med i varmen.

tirsdag 22. juni 2010

Danmark oppsummert

Danmark gav oss mange fine minner, og vi kosa oss med å vere alle saman heile dagane.

Filip med Noahs ark magnetfigurbok undervegs med Danmarksbåten.

Hytta vi bodde i. Nytt, flatt og triveleg i Toftlund.

Ingen kø og fine føreforhold i Sommarland Syd..

Saltvatn-akvarium i Esbjerg

Herleg med dansk platepålegg. Filip si skive.

Miriam si..


søndag 13. juni 2010

Pimp my Ride / Stæsj min bil

Etter ei fin ferieveke i Danmark vart vi møtt av Volvoen vår parkert på tvers ytterst i innkjørselen, i ca svensk politibil-forkledning!
Vi vart veldig overraska, og eg var kjempeglad og mora meg stort over bilen som no ser blank og artig ut:-)
240-en har ikkje akkkurat vore plettfri i lakken i det siste, så dette var ei etterlengta real overhaling..
Eg kan vel sei eg hadde ein mistanke om kven som hadde vore på ferde..
To gode vener og kolleger! Tusen takk, det var ei artig og veldig uventa overrasking :-)



Det er ikkje akkurat lite arbeid som ligg bak, taket var like rusta og flassete som skjellete uer, og framskjeramane kunne eg sleppe golfballar gjennom. Berre for å nemne litt..
Til og med grunning og sparkling! Det er for vilt.

No er den heilt strøken!
Fristande å sette på blålys-bjelke på taket og svart og kvitt leopard-setetrekk..