søndag 27. juni 2010

Faratur!

Det er visst det det kallast når fleire fedre tar med seg ungane og drar til skogs/fjells. Det fekk eg erfare då eg støtte på fire -fem ungar på leiting etter vatn i skumringa fredagskvelden. Dei var nemleg og med sine "farar" på tur eit steinkast lenger oppe i dalen frå der vi hadde slått leir. Det var tydeleg å høyre på stemmene deira at dette var det gjevt å vere med på. Etter ein regntung anmars og ei snargrilla pølse var Filip omsider komen i soveposen denne første kvelden i Røssdalen.

Ein fin dal som passar godt for ein nordmøring med fjellheimlengsel.
Pappa sin godkniv er best

Lurar på kor djupt denne båten vil ligge i vatnet..

Alle laga kvar sin båt og så hadde vi båtrace/regatta nedover bekken.

Litt justering må til undervegs.

Det vart til at vi måtte kjenne på tempen i vatnet og, men det vart ikkje lange turen..

Takk for turen Pappa! Takk for turen Son :-)

1 kommentar:

  1. Kjempe fine bilde!
    Domt at eg aldri får bli med på faratur, for det såg kjekt ut :)

    SvarSlett