onsdag 23. juni 2010

St. Hans 2010

No er det akkurat eitt år sidan sist, og i år fekk vi enda varmare og finare ver!
Det er mildt sagt knusktørt i distriktet, og bålet vart fortært i eit nær eksplosjonsarta blaff. Vi måtte sløkkje grasbrannar kringom bålet, og ei stund var eg redd eg skulle svi av heile Bærheim Golfpark. 


Vi hadde det veldig barnlig og kjekt, over 40 stk i leik og grilling ein fin sommardag i Krånå.

Graset er tørt og sydenbrunt etter vekevis mest utan nedbør og stort sett solsvi same periode.
Da er det ikkje godt å halde på fukten.  Jordbæråkeren får prioritet i vatninga..

Langt snopespidd kjem godt med i varmen.

2 kommentarer:

  1. Dette såg veldig kjekt ut:) Hagen fult i folk, det likar me. Grasbrannfare var det ikkje mykje av her på Buvang i alle fall, her er det frodig og fint etter regn titt og ofte.. :)

    SvarSlett
  2. Stas! Vi kjørte samme stil med marsmallows på "staur" :)

    SvarSlett