søndag 13. juni 2010

Pimp my Ride / Stæsj min bil

Etter ei fin ferieveke i Danmark vart vi møtt av Volvoen vår parkert på tvers ytterst i innkjørselen, i ca svensk politibil-forkledning!
Vi vart veldig overraska, og eg var kjempeglad og mora meg stort over bilen som no ser blank og artig ut:-)
240-en har ikkje akkkurat vore plettfri i lakken i det siste, så dette var ei etterlengta real overhaling..
Eg kan vel sei eg hadde ein mistanke om kven som hadde vore på ferde..
To gode vener og kolleger! Tusen takk, det var ei artig og veldig uventa overrasking :-)



Det er ikkje akkurat lite arbeid som ligg bak, taket var like rusta og flassete som skjellete uer, og framskjeramane kunne eg sleppe golfballar gjennom. Berre for å nemne litt..
Til og med grunning og sparkling! Det er for vilt.

No er den heilt strøken!
Fristande å sette på blålys-bjelke på taket og svart og kvitt leopard-setetrekk..

4 kommentarer: