søndag 30. august 2009

Statusrapport kjellarprosjekt

Prosjektet i underetasjen går sin gang, og etter ein lang pause i sommar har det byrja å nærme seg eit vendepunkt, for no er all massen så godt som ute, (drøyt 50 m3 pluss gamle murveggar) og ny masse skal inn att.. Her er bilete fra siste hjørnet inne, det er no ute:-) Filip er kanskje den treåringen i landet med flest timar på gravemaskin? Han er umetteleg, og med så lenge han er vaken, for å sei det sånn..
Cathrine vert pleia godt med, her er det ein stiv nakke som får behandling.

Denne veka vart den nye delen av kjellaren og påbegynt. Det betyr større maskiner, og mykje meir rot.. Svoger Atle sine maskiner får ting gjort.


Vi støtte på ein noko uventa stor og solid betongklump inntil den eine yttermuren. Da måtte vi ty til ein Kubota med "muskelhammar" Både Filip, Miriam og eg sat fleire timar inni den trange hytta der og meisla. Det var tydeleg interressant for alle tre. Det er nesten ikkje til å tru.
God lufting i kjellaren for tida.

Nesten som å bu i hønsehus, iallefall ei spanande og luftig bru for å kome seg inn.


Det er godt å ha litt planar for hausten, og muligens litt utpå vinteren? hehe.

2 kommentarer:

  1. Du strutle! No kjem de til Kina snart, jammen ikkje mykje igjen under det huset...!
    Fint bilde av Filip og "mor" :)

    SvarSlett