mandag 23. mars 2009

Arbeidshesten

Det er ei stor motivasjonskjelde å kunne bruke traktoren til diverse
arbeid, ikkje minst er det ein del ting som sikkert ikkje hadde blitt
gjort hadde vi vore utan Kubotaen vår. For Filip og Miriam er den ein
stor attraksjon i "parken" og vi køyrer oss stadig ein tur og ser på
sauer og hestar på nabogardane.

Her ein dag køyrde vi oss durabeleg fast i gjørma, og måtte fint gå heim att alle tre:-) Filip og eg var avstad og drog han opp med Veteranvolvoen seinare på dagen. Den kan vel og med rette kallast traktor..Betongklompen framme er seinaste tilskudd av accessories, og er god å hekte på når vi køyrer tusenliters-vedsekkar.

2 kommentarer:

  1. Det va eit skikkeleg fint heimlaga lodd. Gratulerer! Då er det vel berre å vente på at bakakslingen ryk? Men slike sjansar må ein ta!

    SvarSlett
  2. Takk:) Ja det blir litt større belastning bak med loddet på, men det står på skiltet på traktoren at den skal klare 400kg bak, og no steilar han på ca 350kg. Vi er innanfor fabrikantens anbefalingar..

    SvarSlett