mandag 30. mars 2009

Lofotn!

Hei hei hei
Denne veka har eg eit triveleg gjensyn med Svolvær i Lofoten! Sist eg var her var saman med heile resten av familien med grasiøse Diesel-guri ein minnerik sommar medan eg var yngre enn eg er no.
Denne gongen er det drøssevis med snø i gatene her, og med eit langt annleis mål enn å ha ferie.Eg jobbar med å innstallere ei hydraulisk ekkolodd- heis under/inni ein diger båt
(MS Hydrograf)som staten nyttar til å kartlegge kyst og sjøbotn med. Ei innretning som sannsynligvis er einaste i sitt slag i verda:) Her skal eg vere ei veke og dingle og skru.

6 kommentarer:

  1. Artig at du er i Svolvær. Kanskje du kan finne Roar og Viktoria der også. Dei er fysioterapeutar der, og så har dei vesle Torje også.

    SvarSlett
  2. tegninga di av ekkoloddet såg hakket meir strøkent ut enn båten gitt. Men litt rust høyrer vel med på ein erfaren båt.

    SvarSlett
  3. Ja, du må helse til Roar, Viktoria og Torje! Takk for praten vi hadde her i går;-)

    SvarSlett
  4. Enig med Nils Ingar:)
    og enig med å hilse Roar, Viktoria og Torje!

    SvarSlett
  5. Jeg satser på å besøke Roar og de i morgen ettermiddag/kveld, da skal de nemlig male båten og da blir det ikke noe tess å arbeide i løsemiddeltåka..

    SvarSlett