mandag 25. mai 2009
60 toms John Deere
mandag 18. mai 2009
Tid for graving i kjellaren!
Endeleg kom dagen! Filip vart så ivrig då han såg dette synet ut baderomsvinduet om morgonen, så han og pappaen klarte nesten ikkje å få i seg frokosten før vi gjekk ut og satte i å grave. Dette er rett og slett vaksenbarnehage!
Her er det Anders som trakterer spakene og den hydrauliske meiselen som gjev breaktrough inn til det nye rommet som vi grov ut og laga i fjor haust:) Skal sei det dirra godt i stuegolvet med full saft på meiselen.
Og vips, ein litt større kjellar og splitter ny kjellarinngang..
onsdag 13. mai 2009
somagard-bhg.no
For Filip var det gravemaskinene som var mest stas.
søndag 10. mai 2009
Rusk i øyet
fredag 8. mai 2009
Kjøre GAUK
For alle som ikke har vokst opp på prestegarden i Øksendal: Å kjøre gauk betyr enkelt og greit å kjøre en humpete tur kun for fornøyelsens skyld, fortrinnsvis med et motorisert terrenggående kjøretøy.
Da vi var små gikk det ut på at pappa stabla så mange unger som mulig opp i tilhengeren (les: bakakslingen med kasse) til tohjulstraktoren og dro avgårde så torva skvatt opp gjennom jordene og skogsveiene til vår store begeistring. Det fine med det var at pappa var ganske lett å rive med, så vi kjørte oss som regel fast minst en gang per tur, slik at vi måtte hoppe av og ned i gjørma og skubbe. Det gjorde turen fullkommen:)
Filip kjørte gauk med passepiken i dag, og de koste seg veldig selv om det foregikk (etter min skala) relativt folkelig:)
søndag 3. mai 2009
"YOU DON'T NEED EXTRA SPACE
for this washing machine" stod det på eit digert klistremerke på utsida av den nye vaskemaskina vår. hehe, særlig. veeldi morsomt..
det kom som lyn ifrå klar himmel at den 15 år gamle vaskemaskina vår tok kvelden her ein dag, den gjekk ifrå å vaske reint til å berre dampe skiten lenger inn i tøyet og etterlate det i ein sur og uappetitteleg blaut klomp då eg opna spjeldet.
Det kunne ikkje ha passa betre! for no er kjellaren straks klar for utgraving, og vaskinga må foregå på badet oppe. Så eg har skumma over det som er å velje mellom av høgtekniske maskiner som kan tilfredsstille vår reinslegsstandard, og landa på ei maskin som kan gjere alt!


Eg har ikkje sett det, men eg trur jammen den legg saman kleda og legg dei i skåpen og, for eg gjer det så visst ikkje sjølv:) I tillegg kan vi lempe inn 8 kilo gjenbrukstøy, og den blir driven av ein børstelaus motor direkte montert på tromlå.
Det var som eit digert kinderegg for heile familien! For meg gav det mange kjekke løft og tilpassing av røyr og slangar, for ungane gav det husly, og for mi kjære kone gjev det ein flott melodi når vasken er ferdig! vinn, vinn, vinn.

fredag 1. mai 2009
Dei gode hjelparane


Abonner på:
Innlegg (Atom)