Endeleg kom dagen! Filip vart så ivrig då han såg dette synet ut baderomsvinduet om morgonen, så han og pappaen klarte nesten ikkje å få i seg frokosten før vi gjekk ut og satte i å grave. Dette er rett og slett vaksenbarnehage!
Her er det Anders som trakterer spakene og den hydrauliske meiselen som gjev breaktrough inn til det nye rommet som vi grov ut og laga i fjor haust:) Skal sei det dirra godt i stuegolvet med full saft på meiselen.
Og vips, ein litt større kjellar og splitter ny kjellarinngang..
Det er kjærkome med hjelp, på laurdag var vi 4 mann! Svigerfar, Doru, Anders og meg. Da går det unna, og det var såvidt vi rakk å smelle opp støtter før veggane gjekk i knas.. 24 meter med stålbjelkar ligg utanfor og gler seg til å komme på plass som dragarar og søyler. Til slutt skal det vere nesten berre pipa og ringmuren att.
Gratulerer! Det ser verkeleg ut som Kubotaen trivest i godt selskap!
SvarSlettSkjønner at Filip ble mo i knærne, vi har en her med ca. samme interessefelt;), han hadde ikke fått i seg en bit før det skulle undersøkes nærmere..
SvarSlett