søndag 3. mai 2009

"YOU DON'T NEED EXTRA SPACE

for this washing machine" stod det på eit digert klistremerke på utsida av den nye vaskemaskina vår. hehe, særlig. veeldi morsomt..det kom som lyn ifrå klar himmel at den 15 år gamle vaskemaskina vår tok kvelden her ein dag, den gjekk ifrå å vaske reint til å berre dampe skiten lenger inn i tøyet og etterlate det i ein sur og uappetitteleg blaut klomp då eg opna spjeldet.
Det kunne ikkje ha passa betre! for no er kjellaren straks klar for utgraving, og vaskinga må foregå på badet oppe. Så eg har skumma over det som er å velje mellom av høgtekniske maskiner som kan tilfredsstille vår reinslegsstandard, og landa på ei maskin som kan gjere alt!

Eg har ikkje sett det, men eg trur jammen den legg saman kleda og legg dei i skåpen og, for eg gjer det så visst ikkje sjølv:) I tillegg kan vi lempe inn 8 kilo gjenbrukstøy, og den blir driven av ein børstelaus motor direkte montert på tromlå.

Det var som eit digert kinderegg for heile familien! For meg gav det mange kjekke løft og tilpassing av røyr og slangar, for ungane gav det husly, og for mi kjære kone gjev det ein flott melodi når vasken er ferdig! vinn, vinn, vinn.

4 kommentarer:

  1. Det var artig lesning, interessante bilde, og for nånj skikkelig fine unga!!

    SvarSlett
  2. Vi glede oss veldig til å komme nedover i sommar... Veldig snart faktisk! ...for å bli kjent med Filip og Miriam igjen ;-) Ja, dei e utrulig skjønne!

    SvarSlett
  3. Finfin maskin (sikkert, det var ikke bilde av den da..) og virkelig finfinfine barn

    SvarSlett
  4. Eg har også ei slik maskin som legg saman kleda og legg dei i skåpen - trur eg. Og i dag var jammen plena ferdigklipt då eg kom heim etter ei veke på jobb-segletur, så det meste er i grunnen ok.
    Helsing farfar.

    SvarSlett