mandag 25. mai 2009

60 toms John Deere

Endeleg! i dag kom kløpparn på! Etter ein real knivkvess, eit nytt lager her, litt maling der, litt mindre rust der, så sneia den plenmodifiserte Kubotaen over "parken" som om det var ei lita dørmatte. I all audmjuke må eg berre sei at dei tre propellane under der gav eit langt betre resultat enn eg hadde trudd. Folk har rett og slett byrja å køyre feil når dei skal til golfbanen, for dei trur det er hos oss! :-)
Eit par hundre kilo til med fullgjødsel, litt meir forbønn og ein gild og rik sommar, så vert det nesten som i Øksendalen. he.

3 kommentarer:

  1. Tenk om vi hadde hatt kløppar på litj-traktoren vår i Øksendalen, da hadde dei lange lørdagane med plenklipping sett anleis ut... Ikkje det at eg kan huske at eg måtte lide for plena, fint å vere minst ;)

    SvarSlett
  2. Så stilig! Det ser veldig effektivt ut:)

    SvarSlett
  3. Takk til Sunndal kommune som har råd til nytt utstyr og "gir bort" det gamle. OBS pass stortåa for knivane!

    SvarSlett